Faretegn
• Fersk vindtransportert snø • Område: Generelt på fjellet. Skildring: Nysnø og snø på bakken føyke over i le-heng
Skredaktivitet
• 20. feb. I løpet av dagen (+01:00) • Ingen skredaktivitet • Dårleg sikt
Vær
• Snø • fra NV ↘ • Først på dagen lett innimellom, men drar seg meir og meir til med ordentleg uver med sidelengs nedbør og kraftig vind frå NV. Vinden er tidvis så sterk at hunden nesten blir blåst avgårde.
Snødekke
• Kraftig snøfokk • Vindpakket myk • Den krame snøen i overflata blir med meg nesten heilt opp til obs. punkt. Vinden tar seg opp og trekke meir og meir ned i skogen, som gjer at snøen rett rundt skogrensa begynde å bli bunden. Enn so lenge vindpakka mjuk snø opp til 900moh litt hardare over. 50cm fuktig laussnø i skogen.
Skredfarevurdering
• Snøen begynde å bli vindpåverka heilt ned og litt nedforbi skoggrensa her eg var, men dei største flaka ligg på veldig mjuk 4F/F snø som vil gje begrensa bruddforplantning. Nokre plassar er det sjiktovergangar innad i fokksnøen, det vil gje betre bruddforplantning men mindre flak. Fortsatt ganske mjuk vindpakk som er lett å påverke, men som og gjer mindre flak.
Over 900moh er det hardare vindpakk. Fekk ikkje noko inntrykk av eventuell nedsnødd kant heller ikkje kor godt snøen er festa til gammal skare lenger nede i snøen. • Veret står på og legg opp meir snø i lesider. Gunstige temperatura gjer til at det stabilisera seg fort, men ein bør vere obs. på skred rundt tregrensa, sjølv små skred blir farlege ved terrengfeller.